Totalberedskapskurs
Totalberedskapskurs 2 (TBK2)
Forstå di tid - og rust deg for ei usikker framtid
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal inviterer, i samarbeid med HV-11 og Møre og Romsdal politidistrikt, toppleiarar i fylket til eit unikt kurs i totalberedskap.
Vi skal bygge totalberedskapen
Totalberedskapskommisjonens rapport har fått namnet ”Nå er det alvor”. Det utfordrar oss til å vere vakne, auke kriseforståinga og heve kompetansen hos toppleiarar i Møre og Romsdal. I dette kurset legg vi grunnlaget for å forstå notida og møte framtidas utfordringar.
Deltakarane vil få nyttig kunnskap om tryggleik og beredskap på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Vi vil styrkje samarbeidet mellom deltakarane og dei ulike aktørane i vårt fylke. Kurset vil derfor ha ei blanding av deltakarar frå offentleg og privat sektor.
Totalberedskapskurset vil gje kunnskap om vår tids utfordringar, eit solid historisk bakteppe, innblikk i korleis totalforsvaret fungerer og du vil forstå korleis du som leiar kan bidra inn i totalforsvaret. Vi vil sette Møre og Romsdal inn i den tryggingspolitiske situasjonen. Vi avsluttar kurset med ei øving.
Kurset skal styrke samarbeid i fylket på tvers av sektorar, og auke vår kriseforståing og motstandskraft. Alle som bidreg inn i kurset er utfordra på å relatere sine tema til Møre og Romsdal. Vi forventar at kursdeltakarane deltek på heile kurset.
Læringsmål
Nyttig kunnskap inn i leiarkvardagen
• Auka kriseforståing og innsikt i krisespekteret
• Historisk oversikt og kjennskap til korleis historia påverkar vår tid
• God kjennskap til Møre og Romsdal og totalberedskapsarbeidet
• Samfunnsendringar og trendar
• Kjennskap til forsvarskommisjonen og totalberedskapskommisjonen sitt arbeid
• Innsikt i den politiske prioriteringa knytt til langtidsplanen for Forsvaret
Økonomi: Kurspris 1700kr. Dette inkluderer kost og losji heile veka og avslutningsmiddag på Eggen m/gondol. Kvar deltakar dekker sjølv reiseutgifter. Det er også viktig at det er arbeidsgjevar som betalar lønn for desse dagane.
Målgruppe: Toppleiarar frå kommunar, forvaltning, næringsliv og akademia i Møre og Romsdal.
Påmelding: Det er elektronisk bindande påmelding innan 01.09.2024. Registreringsskjema finn du på denne sida. Spørsmål om påmelding rettast til sfmrkurs@statsforvalteren.no eller telefon 71 25 85 11.
Stadfesting: Påmelding blir stadfesta direkte til e-post etter innsending av registreringsskjema. Får du ikkje stadfesting er du ikkje påmeldt. Det er begrensa plass på kurset. Plass på kurset blir tildelt manuelt etter påmeldingsfrist, tildelt plass på kurset blir stadfesta i eigen e-post.
Betaling: Vi støttar betaling med VIPPS, bankkort og faktura/EHF. Lenke for betaling blir sendt etter tildelt plass.
Priser
- Deltek med overnatting (inkl. middag og gondol)kr 1 700,00
- Deltek utan overnatting (inkl. middag og gondol)kr 1 700,00
Tidspunkt
Sted
Setnesvegen 54
Åndalsnes
6300
Kontaktperson for arrangementet
Legg til i kalender